Laurdag 30. januar kl 15:00 og kl 16:00 vert den lokale ungdommens kulturmønstringa halden på Flora Samfunnshus kinosal.
Den opprinnelege fristen gjekk ut onsdag 15. januar, og i år er det langt fleire deltakarar enn i fjor. Vi har no ca 66 deltakarar fordelt på 19 sceneinnslag og 15 utstillingsgjenstander og 1 innslag animasjonsvideo.
I 2009 var det 14 sceneinnslag og 8 på utstillingsbidrag.
Også i år er Finn Åge Korneliussen leigd inn for å ta seg av lyd og lys. Dette skulle dermed være i dei beste hender. Flora kommunale kulturskule står som arrangør og har alt ansvar for den lokale mønstringa.
Kven som vert sendt vidare til fylkesmønstringa vert offentleggjort måndag 1. februar.
Fylkesmønstring:
Fylkesmønstringa vert i år arrangert på Nordfjordeid 23. til 25.april, med Malakoff rockfestival som teknisk arrangør. Kvar kommune kan der delta med inntil 20 deltakarar og maks 20 min. til disposisjon på scena. Kommunane får scenetida samla, slik at innslaga framstår som ein presentasjon av kommunen. Kvar kommune kan delta med 5 utstillingsarbeid, men ikkje meir enn 2 frå same person.
Aldersgrense lokalt i Flora er 10-19 år. Aldersgrense fra Flora til fylkesmønstring og landsmønstring er 13-19 år.
Landsmønstring:
Frå fylkesmønstringa vert det vanlegvis sendt 25 deltakarar til Landsmønstringa, som i år vert i Trondheim frå 18. til 22. juni.
UKM er eit landsomfattande kulturtiltak for barn og unge i alderen 10 -19 år. Dette er
eit høve for barn og ungdom til å synleggjere kva dei er opptekne av, når det gjeld kunst og kulturuttrykk.
Plan laurdag 30. januar 2010 til orientering:
Laurdag 30. januar, frå kl 12:00 – 15:00, Lyd, lys og generalprøve.
Utstilling i møtesal kl 15:00
Konsert og sceneinnslag i kinosal: frå kl 16:00 til ca 18:00.