Logg inn

Kulturskulen sine Julekonsertar 2013

Publisert: onsdag 27.11.2013

Nytt av året er at kulturskulen no har to konsertar, slik at dei vert kortare og med høgare kvalitet. I kyrkja får ein høyre akkustiske innslag frå både stryke-, blåse-, piano- og songelevar medan ein på samfunnshuset får sjå kunst-, danse-, samspel-, og songelevar.

Torsdag 12. desember vert konserten utan noko raud tråd, anna at ein sjølvsagt får mange julete innslag.

På samfunnshuset og sjølvaste Luciadagen er temaet gitt på førehand. Publikum vert oppfordra til å møte opp i god tid på fredag for ein vandring i kunstutstillinga før ein set seg inn i kinosalen og nyt vakre tonar og luftige svev frå dansarane.

Vel møtt til to feiande flotte dagar i kulturens teikn!   

Torsdag fri entré
Fredag: vaksne kr 100,- / skuleelevar gratis
Førehandssal på tenestetorget
Tlf 57756000, eller www.florasamfunnshus.no


Takk til bygg og anleggsklassen ved Flora vidaregåande skule!

Publisert: 12.11.2013

Bygg- og anleggsklassen ved Flora vidaregåande skule og lærar Harry Kvalvik har hatt bordene våre inne til overhaling. Resultatet blei strålande og vi er glade for samarbeidet med Flora VGS! 

 Bilder fra Jubileumsveka!

Publisert: 12.11.2013

Kulturskulen jubilerte sine 25 år i veke 43, med konsertar i kyrkja, Haavebua, i sentrum og med kunstutstilling på Flora Samfunnshus. Her er bilder frå jubileet:

 

 

 

Flora kulturskule - 25 år!

Publisert: onsdag 18.10.2013

Som dere kanskje vet er det i år 25 år siden Flora musikkskule ble startet. I dag heter vi Flora kommunale kulturskule og tilbyr et bredt tilbud innen instrumental- og sangopplæring, kunstopplæring, danseopplæring, samspillopplæring, levering av dirigenttjenester til kor og korps, samarbeid med videregående skole, instrumentalister til Sogn og Fjordane Symfoniorkester, arrangering av UKM, konsertvirksomhet i liten og stor skala og mye mye mer.

I anledning vår etterhvert så anseelige alder vil vi fra torsdag 24. oktober til søndag 27. oktober feire med konserter og opptredener fire dager på rad. På disse fire dagene vil vi vise frem mange av elevene våre og noen av de ensemblene som nyter godt av våre dirigenttjenester, slik som Florø Hornmusikk, Florø Storband, Fryd og Floraskulen Brassband.

Torsdag 24. oktober
Florø Kirke – kl 18.00
Juniororkester – dirigent Sanja Dukanac Qattawi
Kammerorkester – dirigent Sanja Dukanac Qattawi
Floraskulen Brassband – dirigent Torgeir Halvorsen
Fri entréFredag 25. oktober
Haavebua – kl 19.30
Samspillgrupper – Eilif Vaardal
Florø Storband – dirigent Arne Sunnarvik
Entré kr 100,- (gratis før kl 21.00)
Lørdag 26. oktober
Flora Samfunnshus – kl 11.30 Offisiell åpning av kunstutstilling
"Konserter i by'n" Kl 12:00 - 14:00 Ulike elevkonserter i sentrum
Søndag 27. oktober
Florø Kirke – kl 18.00
Fryd – dirigent Kristin Skau
Florø Hornmusikk – dirigent Torgeir Halvorsen
Fri entré 

UKM nominasjoner i 2013!

Publisert: 14.08.2013

Flora kommune har i 2013 fått 2 nominasjoner til 2 prisar i tilknytning til UKM:

  • "UKM Norge har nominert Flora kommune som en av ni kommuner til årets UKM-kommune."
  • "UKM Norge har nominert Torgeir Halvorsen som en av 5 ildsjeler til årets UKM-ildsjel!"

Gratulere Torgeir!

Brev om opptak i kulturskulen!

Publisert: onsdag 14.08.2013

Denne veka har kulturskulen planlegging, og i dag 14. august, sender vi ut brev om opptak til alle som har fått plass i kulturskulen så langt. Alle får melding om aktivitet, tid, stad og lærar. Undervisninga starter i neste veke (v 34).

Vi anbefaler at foreldra følger ungane til første oppmøte.

Velkommen til eit godt kulturskule og jubileumsår (25-år)!

Svar på søknad om kulturskuleplass

Publisert: 12.06.2013

Alle vil få svar på søknad om kulturskuleplass i posten. Breva vart sendt ut rundt 20. juni. Dette gjelder også elevar som skal fortsette med dei same aktivitetane som inneverande skuleår. Dei som sender inn søknad i etterkant, får brev i august mnd.

Kulturskulen har no sommerferie, du kan likevel sende oss beskjed og søknad. Vi er tilbake på kontoret 5. august.

God sommar!

 

Vi ynskjer fortsatt fleire søkarar til skuleåret 2013/14

Publisert: 30.05.2013

Ein kan søke om plass i kulturskulen heile året, og vi ynskjer fortsatt fleire søkarar til skuleåret 2013/14. Har du ynskje om å søke plass i kulturskulen, så er det berre å sende inn søknad. Du kan no fylle ut digitalt skjema i nettlesaren, og sende det direkte til oss. Det er berre å klikke på teksten her. 

Velkommen som søkar til elevplass i kulturskulen!

 

Skulekonsertar 7. og 8. mai!

Publisert: 12.05.2013

I samband med at Flora kulturskule i år feirar 25 års jubileum, drog elevar og lærarar frå kulturskulen på konsertturne, på skular og barnehagar den 7. og 8. mai 2013. Dette opptaket er frå ein av konsertane ved Krokane skule. Videoen kan du sjå her! 

 

Søknad til kulturskulen 2013/14

Publisert: 22.03.2013

Nye rutinar frå og med i år:

Alle er velkomne til å søkje elevplass i kulturskulen heile året, men hovudopptaket er på våren med frist 15. mai. Det er mulig å søke etter fristen, men det er ein fordel for planlegginga vår at dette skjer innan fristen. Frå og med i år vert det ikkje sendt ut eige tilbakemeldingsskjema til dei som allereie er elevar.

  • Dei som er elevar i kulturskulen, beheld plassen til den vert sagt opp. Difor treng ein ikkje melde frå dersom ein skal fortsette neste skuleår.
  • Frist for å seie opp elevplassen er 15. mai 2013. Ved utmelding etter fristen, må ein fortsette/betale ut 3. kvartal 2013. Oppseiing må skje skriftleg, pr epost eller brev.
  • Ved ynskje om endring av aktivitet må ein sende søknadsskjema innan fristen. Det same gjeld om ein ynskjer aktivitetar i tillegg til den ein har frå før.
  • 6 åringar på musikkbarnehagen og dei som går på Instrumentsafari får eige tilbakemeldingsskjema.
  • Ein kan no fylle ut digitalt skjema i nettlesaren, og sende det direkte til oss.

Kulturskulen tilbyr undervisning på dei fleste instrument, til både barn, ungdom og vaksne. For dei yngste er det musikkbarnehage (4-6 år), og for 1. og 2. klassingar er det musikksafari. På dans vert det undervist i jazz og klassisk ballet frå 1. klasse og oppover. Frå og med 3. klasse har ein høve til å starte på visuelle kunstfag, der ein får opplæring i både tegning, maling og bruk av digitale verktøy med åpne programvare.

Velkommen som søkar til elevplass i kulturskulen!  

Mildrid med cello på ungdommens musikkmesterskap!

Publisert: 22.03.2013

Mildrid Johanne Taklo deltok på ungdommens musikkmesterskap i Bergen 20 oktober 2012. Ho deltok i klasse for solo cello og spelte Concertino av Breval, 1.sats  akkopagnert på flygel av storebror Andreas.
Ho fekk skryt for framføringa, god stil og innleving og "power". Ho syns sjølv at det var både skummelt og  kjekt å vere med i konkurransen. Ho mangla berre to poeng for å kome vidare til landsfinalen!!

Godt gjort Mildrid!

 

Utstilling og vårkonsert

Publisert: 10.03.2013

Firdaposten har lagt ut ein "smakebit" av kulturskulen si vårforestillinga 8. mars her.

Publisert: 01.03.2013

Elevar og lærarar frå kulturskulen vil invitere alle til vårkonsert og utstilling i glassgata på ungdomsskulen. Med denne konserten vil vi slippe inn lys, musikk og kunst for å markere den komande våren og kvinnedagen.
 
Flora ungdomsskule, glassgata.
Fredag 8. mars, kl 17:30
Gratis inngang.

Velkommen til utstilling og vårkonsert!

UKM 2013

Publisert: 02.03.2013

Juryresultat:
Ei fantastisk fin mønstring på flora Samfunnshus. Høgt nivå og kjempegod innsats i alle ledd.

Scene:
Hilda Taklo
Rondo
Ay, Caramba!
En samling
Los tres tiburones
Moa og Jenny
Samuel med band
Bildekunst:
Hanna Haugen Strand – Fri tanke
Anna Eldevik Bortheim – Lilla tvilling
Matilde Maardalen – Melt Down

http://ukm.no/pl2955/ 

Huskonsert

Publisert: 11.02.2013
I dag mandag 11. februar held kulturskulen huskonsert i dagavdelinga på omsorgsenteret kl 18:30 (etasjen under kulturskulen). Velkommen!

UKM 2013

Publisert: 11.02.2013

Påmeldingsfrist er no ute. Info om UKM i Flora kommune finne du her.

http://ukm.no/pl2955/ 

Drømmestipendet 2013

Publisert: 11.02.2013

Drømmestipendet består av 100 stipend à kr 10.000. Frist for å melde sin interesse til rektor er 25. februar.

Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer vi å synleggjere kommunen sitt arbeid for barn og unge. Vårt håp er at Drømmestipendet skal vere verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar.

Kommunane kan i år nominere inntil 6 innslag i forskjellige kategorier (enkeltpersonar eller grupper). Ein breitt samansett jury velger vidare ut dei 100 heldige stipendmottakarane. Ta kontakt med kulturskulen for informasjon. Meir info om drømmestipendet finne du her:

Drommestipendet.no

 

MuseScore - Gratis noteprogram

Publisert: 20.01.2013

MuseScore er eit gratis alternativ til profesjonelle notasjonsprogrammer som Finale og Sibelius. Gjennom importering/eksportering av MusicXML er det kompatibelt med dei profesjonelle programma. Musescore er lett å bruke, er på norsk og er tilgjengeleg både for Windows, Mac og Linux.

Last ned gratis noteprogrammet MuseScore her:
http://musescore.org/nb

Du finne fleire linkar til nyttige sider og programmer her.

 

"Kulturskoletimen"

Publisert: 14.01.2013

Norsk Kulturskoleråd har oppretta eit informasjonspunkt vedr. "Kulturskoletimen" her: http://www.kulturskoleradet. no/vi-tilbyr/kulturskoletimen- informasjon/

 

Om Kulturskoletimen

I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å bevilge 73,8 millioner kroner til ein uketime med kulturskoletilbod i skole/SFO-tida på barnetrinnet (1.- 4.trinn) frå hausten 2013 (180 mill på årsbasis).  Departementet tar sikte på å lovfeste plikt for kommunane til å gje elevane eit slikt tilbod. Dette er 1 uketime med frivilleg og gratis kulturskoletilbod i skole/SFO-tida for alle elevar på 1.-4. trinn. Kommunane vil få midlar tilsvarande kostnaden ved å bemanne tilbodet med lærarar. Dette gjer ein for å sikre god kvalitet i tilbodet.

I perioden 2010-2012 er det årleg tildelt 40 mill. kroner fra  Kulturløftet II i stimuleringstilskot til kulturskolar. Desse midlane, pluss 33,8 millioner friske midlar i 2013 skal brukast til å finansiere kulturskoletilbodet.

Norsk kulturskoleråd har på sitt landsmøte oppfordra regjeringspartiene til å initiere ein tverrpolitisk satsing for å oppfylle Kulturskoleløftet si målsetting. Det vart difor utarbeidd og overrekt ein eigen resoulusjon til kunnskapsminister Kristin Halvorsen på Norsk kulturskoleråd sitt landsmøte. Resolusjonen finne du her.

Meir info og nyheter om kulturskoletimen finne du her: http://www.kulturskoleradet.no/

 

Ledige plassar i kulturskulen

Vi har fortsatt nokre ledige plasser på:
dans, piano, trekkspel, saxofon, tverrfløyte, instrumentsafari, trekkspelklubb, småbarnssong og kunst.
Vaksne kan også søke. Vi prioriterer barn og unge, men tek likevel inn vaksne når vi ikkje har unge søkarar.
 
Storbandet har ledig 2 plasser på trumpet (2. & 4.) og 2 plasser på trombone. (ungdom/vaksne).
 
 

Vi har 6 gjester og ingen medlemmer på besøk.

SØKNAD:

 

Ny skar
 
er registrert
 

 

LEDIGE PLASSER:

  • Kulturbarnehage (2-3 år og 3-4) år Nytt! Halv pris
  • Instrumentbarnehage (4-5 år) (tors. kl 18:00) Nytt! Halv pris
  • Instrumentsafari (fom 1. klasse) (Man 18:00) Nytt!
  • Kulturskulekor (frå 12 år) Nytt!
  • Band samspel (frå 10 år) Nytt!
  • Vokal
  • Gitar og bassgitar
  • Fiolin og cello
  • Piano
  • Saxofon, klarinett, tverrfløyte 
  • Storbandet har 4 ledige plassar: 3. og 4 trumpet og trombone.

 


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 86 | I går 111 | Siste uke 86 | Siste mnd 1392 | Totalt 261989

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule