Logg inn

GOD JUL!

Publisert: fredag 19. desember 2014

Vi takker for året som har gått og ynskjer alle ei riktig god jul og godt nyttår! Kulturskulen starter undervisninga igjen mandag 5. januar 2015.

Før jula ringer inn, er det fortsatt 3 konsertar ein kan få med seg:

Florø storband med gjestesolistar. 

Gjestesolistane som vert akkompagnert av Florø storband er noverande og tidlegare elevar ved kulturskulen, David Antonsen, Moa Lindgren, Anders Ingebrigtsen og Vebjørn Leite Olsen. Konserten blir på restaurant Kysten i Comfort hotel, midt i handletida i morgon laurdag 20. desember kl 13:00.

Mannskoret Gammen under leiing av Eirik Husabø held konsert saman med Fryd i Florø Kyrkje,  søndag den 21. desember kl 18:00.

Vestklang held midnattskonsert i Florø kyrkje på veslejulafta, tysdag 23. desember kl 21:00 og 23:00.

Kulturskulen sin Julekonsert fredag 5. desember

Publisert: fredag 28. november 2014

Fredag den 5. desember vil kulturskulen halde sin årlege julekonsert i kinosalen på Flora Samfunnshus. Vi gler oss veldig til å for første gang bruke den nyrenoverte salen, med alle dei nye fasilitetane. Nye stolar, ny scenerigg, nytt lys og lydanlegg. Konserten vil som vanleg ha varierte innslag. Det vert alt frå strykeorkester via dans og solistar til fullt band, men det er julestemninga som heile tida står i fokus.

Kunstutstillinga er åpen i foajéen frå 24. november til 6. desember og vi vil oppfordre alle til å vandre i utstillinga både før og etter konserten.

Bill. vaksne kr. 100.-, barn og skuleungdom gratis.

Billettar kan kjøpast på: www.florasamfunnshus.no eller ved inngang

Kulturskulen si jule-kunstutstilling

Publisert: tysdag 18. november, oppdatert fredag 28. november 2014

Kulturskulen si jule-kunstutstilling vil henge i foajeen på Flora Samfunnshus frå 24. november til 6. desember.

Onsdag 26. november kl 18:00 var det åpning av utstillinga. Åpninga var høytideleg markert med nokre ord av rektor og musikk av kulturskulen sitt kammerorkester. Utstillinga består av heile 110 arbeide i ulike teknikkar, som elevane har arbeidd med i haust. Kunstavdelinga har heile 52 elevar, som får ukentleg undervisning av Georgeta Onofrei. Vi vil oppmode alle om å ta turen innom Flora Samfunnshus sin foajé for å sjå utstillinga.

MEDLEMSKAP I NORSK KOMPONISTFORENING!

Publisert: Onsdag 05. november 2014

Komponisten, multimusikaren og vokallæraren vår Eirik Husabø har fått medlemskap i den eksklusive organisasjonen "Norsk komponist forening". Det er ikkje kven som helst som får medlemskap der og mange har fått avslag. Organisasjonen har berre 187 medlemmar. Gratulere Eirik!!

KVA SKJER I HJERNEN DIN NÅR DU SPELAR INSTRUMENT?

Publisert: Onsdag 05. november 2014

Når du lyttar til musikk vil fleire av områda i hjernen bli engasjerte og aktive. Men når du spelar eit instrument, vert denne aktiviteten meir som eit fyrverkeri og ein "full-body" hjerne trening. Kva skjer? Anita Collins fortel om fyrverkeriet som går av i musikarar sine hjerner når dei spelar, og ho undersøker nokon av dei langsiktige og positive verknadane av denne mentale treninga. Du kan lese meir om dette her og sjå videoen her.  

UNGDOMMENS MUSIKKMESTERSKAP

Publisert: Onsdag 05. november 2014

Vi gratulerer 4 av våre elevar med gode prestasjonar på Ungdommens Musikkmesterkap i Bergen, lørdag den 18. oktober.

Søskene Britney (11-år) og Ben (13-år) Jeffery Benert på fiolin og piano fekk 20 poeng og andrepris.

Benedikte Tveit (11-år) på fiolin fekk 18 poeng og tredjepris.

Mildrid Johanne Taklo (14-år) på cello fekk 18 poeng og tredjepris.

FORTSATT LEDIGE PLASSAR!

Kulturskulen har fortsatt ledige plassar. Kulturskulen har eit rikt mangfald av aktivitetar ein kan søke på, innan musikk, dans og biletkunst. Meir info om kva aktivitetar du kan søke på, finne du her.

Nye aktivitetar vi vurderer å starte: Dansegruppe for 5-åringar.

Vi prioriterer først og fremst barn og og unge, men vi tek likevel inn vaksne om det er ledig kapasitet. Det er mulig å søke elevplass heile året.  Velkommen som søkar til Flora kulturskule!

  • Søknad til kulturskulen.

Innlogging (Om du allereie er elev, kan du sjå og oppdatere eigen informasjon)

VELKOMMEN TIL NYTT SKULEÅR I SESONGEN 2014/2015

0 kulturskulenPublisert: Tirsdag 12. august 2014

Mandag den 18. august starter kulturskulen opp undervisninga igjen. Alle som no har fått plass vil i løpet av veke 33 få tilsendt innkalling på epost, med varsling på sms.  I tillegg har alle elevar no tilgang til sine opplysninger og timeplanar for året, ved å logge seg inn på Flora kulturskule sin portal på SpeedAdmin her.

 

 

Det er sommar - Kulturskulen sine sommarforestillingar!

Publisert: Fredag 6. juni 2014

Fredag 13. juni
Flora Samfunnshus
Kunstutstilling  –   kl 17:30
Konsert –   kl 18.00
Entré kr 100, -   (pluss avgift) / skoleelever gratis
Billetter kan kjøpes på www.florasamfunnshus.no

Lørdag 14. juni
Blomsterhagen
Bandkonsert  –   kl 13:00
Fri entré

Søndag 15. juni
Flora Samfunnshus
Danseforestilling   –   kl 14:00
Fri entré

I år har Flora kommunale kulturskule delt opp den tradisjonelle sommarkonserten i tre forestillingar. Det vert “tradisjonell” konsert i kinosalen på Flora samfunnshus fredag 13. juni kl 18.00. Kunstutstillinga som allereie heng i foyeren vert offisielt opna før konserten kl 17.30.

På laurdag 14. juni kl 13.00 er det duka for bandkonsert på Blomsterhagen. Her spelar samspillgruppene eit variert repertoir med musikk frå fleire sjangrar.

På sundag 15. juni kl 14.00 i kinosalen på Flora samfunnshus vert det danseforestilling med danseelevar i alle aldrar. Dei vil vise ulike danseuttrykk frå fleire ulike sjangrar.

Den første forestillingen kostar 100,- kroner, medan dei to andre har fri entré.

For mei info:
https://www.facebook.com/events/604553382975540/?ref_dashboard_filter=upcoming

 

Nytt påmeldingssystem og elevdatabase!SpeedAdmin

Publisert: Laurdag 8. mars 2014

Flora kulturskule har saman med nokre nabokommunar, teke i bruk nytt system for elevdatabase og påmelding. Systemet er dansk og heiter SpeedAdmin. Elevar og foreldre har no høve til å logge seg på for å sjå timeplan, melde seg på aktivitetar, sjekke leksjon, konsertar og redigere/oppdatere basisinformasjon. Lærar har bla. mulighet til å legge ut informasjon om siste leksjon m.m..

Vi vil ein periode framover flytte all informasjon frå den gamle databasen til den nye, men vi reknar med å ha systemet oppe å gå for fullt i løpet av våren. Følgande linkar skal no brukast:

 

 Vårforestilling, fredag 21. mars!

Publisert: onsdag 21. mars 2014

Fredag 21. mars inviterer kulturskulen til vårkonsert.
Det blir både kunstutstilling og eit variert program på scena.

Kunstutstilling - 17.00
Konsert - 18.00

Entré kr 100,- (pluss avgift). Barn / skuleelevar gratis

Velkommen!

 

UKM - lokal mønstring i Flora kommune!

Publisert: søndag 2. mars 2014

I morgon mandag 3. mars kl 23:00 går påmeldingsfristen ut. Påmelding og info for vår kommune finn du her.

Vi har 5 gjester og ingen medlemmer på besøk.

SØKNAD:

 

Ny skar
 
er registrert
 

 

LEDIGE PLASSER:

  • Kulturbarnehage (2-3 år og 3-4) år Nytt! Halv pris
  • Instrumentbarnehage (4-5 år) (tors. kl 18:00) Nytt! Halv pris
  • Instrumentsafari (fom 1. klasse) (Man 18:00) Nytt!
  • Kulturskulekor (frå 12 år) Nytt!
  • Band samspel (frå 10 år) Nytt!
  • Vokal
  • Gitar og bassgitar
  • Fiolin og cello
  • Piano
  • Saxofon, klarinett, tverrfløyte 
  • Storbandet har 4 ledige plassar: 3. og 4 trumpet og trombone.

 


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 86 | I går 111 | Siste uke 86 | Siste mnd 1392 | Totalt 261989

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule