Logg inn

Info og rutine

Info til søkaren

Alle søkarar vert registrert på venteliste i kulturskulen sitt administrasjonsprogram.
I månadsskifte mai/juni får alle søkarar brev som ei stadfesting på at vi har motteke søknad til neste skuleår. Dei som får plass, får brev om dette før sommarferien. Veka før skulestart vil desse  få melding om oppmøtedato, stad, klokkeslett, lærar og aktivitet.  Dei som står på venteliste vil få tilbod så snart det vert ledige plassar. I september vet det sendt ut melding til dei som framleis står på venteliste.

 

Timeplan

Undervisninga følgjer skuleruta og går føre seg på ettermiddag og kveldstid. Kulturskulen har rutinar med å skaffe timeplanar frå alle dei større skulane i Flora. Vi prøver dermed å legge undervisninga for kvar enkelt elev så tett opp til skuleslutt som mogeleg.

 

Opptakskriteriar

Etter målsetjinga til Flora kommunale kulturskule skal tilbodet være for alle. Avgrensing i økonomi og ressursar gjer likevel at ein ikkje rekk å gje tilbodet til alle som ynskjer det. Kulturskulen må difor ha ein del kriteriar for opptak av nye elevar. Vi må difor bl.a. anna ta omsyn til følgjande:

  • Aktivitetsval/instrumentval (Det er naudsynt å ha ei viss breidde i aktivitetane. Ynskje om aktivitet må også samsvare med det vi er fagleg i stand å tilby.)
  • Alder (Alder må stemme med instrument, aktivitet og gruppe. Vi prioriterar barn og unge først)
  • Prioritere dei som ikkje går på andre aktivitetar frå før.
  • Søknadsdato (Søknadsdato vert brukt som siste kriterium).

Vilkår

Påmelding og utmelding

  • Påmelding er uansett bindande for eit kvartal når undervisninga er starta. Ein må likevel gje beskjed snarast til kulturskulen sin administrasjon, om ein ynskjer å slutte, eller søkje om permisjon midt i eit kvartal.
  • Ynskjer eleven å trekke seg frå påmelding før skuleåret startar må ein gje skriftleg melding innan skulestart.
  • Vert ikkje fristane haldne, må ein vurdere kvartal som oppstarta, og ein må betale full kvartalsavgift.
  • Kulturskulen fakturerer 2 gonger pr semester (kvart kvartal). Elevavgifta er bindande for eit halvt semester/1 kvartal, og vert sendt ut i frå Flora bykasse.

 

Elevinstruks

  • Elevane pliktar å møte presis og førebudd til undervisningstimane. Ved sjukdom eller annan tvingande grunn til fråvær skal ein, før timen, gje beskjed til lærar, eller kulturskulen sin administrasjon. Elevane kan ikkje få forsømte timar tilbake.
  • Elevavgifta vert redusert/avrekna når kulturskulen er ansvarleg for at eleven har mista meir enn 3 undervisningstimar som følgje av mangel på vikarar.  Dette gjeld ikkje helligdagar og andre fridagar.
  • Dersom skulen sitt utstyr og sine instrument vert påført skade, skal dette rapporterast straks til skulen sitt kontor. Skuldast skaden uvøren handsaming, må elevane sjølve betale reparasjonen.
  • Ved gjenteke fråvær utan melding, ved manglande interesse for skulearbeidet, eller av disiplinære grunnar kan kulturskulen utelukke elevar frå undervisninga.

 

 

Instrumentleige

Kulturskulen har diverse instrument til utleige, t.d. fiolin, celloar, trekkspel, saksofon, klarinett og tverrfløyte. Ved utleige av instrument vert det inngått skriftleg avtale. Leigetakar er erstatningsansvarleg ved skade på instrument.
Utanom dette er det vanleg at elevane nyttar eigne instrument. Kulturskulen kan gje råd ved kjøp av instrument. Det har til no vore praksis å skaffe billege instrument ved å samkøyre bestillingar (t.d. fiolinar).

 

Fakturering

Kulturskulen fakturerer 2 gonger pr semester (kvart kvartal). Elevavgifta er bindande for eit halvt semester/1 kvartal, og vert sendt ut i frå Flora bykasse.

Prisar finn du her:
Elevavgift/prisar

 

Tenesteerklæring

Flora kommunale kulturskule driv offentleg undervisning innan musikk, biletkunst og dans.Undervisninga spenne frå musikkbarnehage, grunnopplæring, mellomtrinn, vidarekomne og utdanningsretta undervisning.

  • Musikkundervisning går føre seg individuelt, eller i gruppe på 2 elevar og oppover, alt etter aktivitet/instrument og nivå.

  • Biletkunst: opplæring innan teikne og målekunst for nybegynnarar og vidarekomne. Det er 5-7 elevar i kvar gruppe, som har undervisning ein gong pr. veke i 1 time.

  • Dans: Det vert undervist i ballett, moderne dans og freestyle.

  • Skulen sel direksjonstenester til kor og korps.

  • Sal av utøvande tenester, som konsert og akkompagnementsoppgåver til frivillige lag og offentlege/private institusjonar.

  • Skulen har instrument til utleige, t.d. cello, fiolin, gitar, trekkspel, tverrfløyte, saksofon og klarinett. Det er praksis at kulturskulen hjelpe til med å skaffe instrument.

Lov/føreskrifter
Opplæringslova § 13-6. Musikk og kulturskoletilbod:
Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknytning til skoleverket og kulturlivet elles. 
 
Føresetnadar

Aktivitetane har nedre aldersgrenser.

Framgangsmåte/rutinar

Kulturskulen sender ut informasjonsfoldar med påmeldingsskjema kvar vår. Desse vert sendt ut til alle skular og servicetorg. Søknad/skjema sendast til Flora kommunale kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900 Florø.

Avgjersle

Rektor ved kulturskulen avgjer kven som får plass ut frå følgjande omsyn: aktivitet, alder, gruppesamansetning, søknadsdato/tid på venteliste.

Fristar

Søknadsfrist er i begynnelsen av mai. Skulen sitt hovudopptak er juni/august mnd., men det er høve til å søke heile året. Dei som ikkje får plass etter hovudopptak får brev om at dei framleis står på venteliste.

 
Statistikkar
Utvikling ant. elevar og venteliste fra 1988 og fram til i dag (bygt på GSI-rapporterting).

Vi har 20 gjester og ingen medlemmer på besøk.


VIKTIGE MELDINGER:

 

LEDIGE PLASSER:


Snarveier!

Ny skar

er registrert


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 51 | I går 159 | Siste uke 653 | Siste mnd 3213 | Totalt 204646

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule